Debussy og hans verd

Det var i brytningstida mellom to århundre at Claude Debussy (1862-1918) hadde sitt kunstnariske verke. Omverda kalla musikken «impresjonistisk». Sjølv kunne han ikkje fordra det omgrepet. Men Debussy vart fort kategorisert, for suksessen til enkeltverk som «Claire de Lune» og «Arabesque» gjorde at han står sterkt verda over.

Impresjonisten, naturelskaren, musikkpoeten. Ser ein nærare på personen Claude Debussy finn vi ein bohem som levde eit liv prega av kvinnehistorier og personleg dramatikk. Med erfaring både som muntleg musikkformidlar og pianist på høgt nivå vil Sara Aimée Smiseth forsøke å danne eit bilete av Debussy, og sjå nærare på kva som eigentleg låg til grunn for dei ulike komposisjonane vi får høyre.

På programmet står Suite Bergamasque, Pour le Piano og utdrag frå Children’s Corner. Impresjonistisk eller ikkje impresjonistisk – musikk som har fortrylla publikum frå førstegongsframføringa i starten av førre århundre.

Pianist Sara Aimée Smiseth vart ferdig med sin master i soloutøving frå Norges musikkhøgskole i 2013. Sidan då har ho utmerka seg med sin kombinasjon av muntleg formidling og briljant klaverspel. Til dagleg jobbar ho som frilanspianist og som formidlar og pianist i Den Norske Opera & Ballett. Der har ho mellom anna introduksjonar til framsyningar, omvisingar, og spelar ved pedagogiske opplegg for barn.

Førre konsertkåseri Smiseth presenterte var med Halfdan Kjerulfs 200-årsdag som tema (hausten 2015). I tillegg til fleire konsertar, mellom anna i Operaen, var ho hovudgjest i P2-programmet Spillerom si markering av jubileet.

Konserten vert også spela:

Blaafarveværket, søndag 15. mai kl. 14

Røyken kirke, onsdag 25. mai kl. 20

Gjøvik kirke, laurdag 9. juli kl. 12

sjå facebook

Foto og grafisk design: Blunderbuss v/ Anna-Julia Granberg