Lights Out

«Excellent musicians.. a phenomenal performance.» SUDWEST PRESSE

«Bright performance, all in the dark» PORTLAND PRESS HERALD

«..an unqualified success» MAINECLASSICALBEAT.COM

Lights Out inviterer nok ein gong til ein klassisk konsert i absolutt mørke. Sidan sist har trioen turnert Europa og USA med fulle hus og strålande kritikkar. Denne gongen kjem dei med eit splitter nytt program som nyttar eit mørklagt konsertlokale på ein kreativ måte for å skape ei sterk tredimensjonal lyttaroppleving.

 

Som ein del av konseptet får ikkje publikum vite programmet før etter konserten er ferdig. Dette for å lage ei så ope, forundringsfull og fordomslaus oppleving som mogleg. Men vi kan røpe at kveldens musikk er skrive av ei gruppe unge rebelske komponistar som sprenger grensene for kva klassisk musikk er og kan vere. Inspirert av m.a. minimalisme, droner, ambient og pop har dei skapt sitt eige uttrykk som er ytst stemningsfullt, rikt på nye teksturar og fullt av overraskingar.

 

Denne heilt spesielle konserten gir lyttaren ei ny oppleving av levande musikk og eigen høyrsel. I totalt mørke får lyden ein utruleg intimitet og avstanden mellom lyttar og publikum forsvinn. Når du blir leia inn i det mørklagte konsertlokalet og konserten byrjar, er det berre musikken og deg igjen. Ei garantert annleis konsertoppleving ein seint vil gløyme!

 

Lights Out er Magnus Boye Hansen på fiolin, Steven Walter på cello og Mathias Susaas Halvorsen på klaver.

 

Konserten er utan pause og varer ca. 1 time.

 

For meir info se: www.lightsouttrio.com

 

 

Datoar
3. mars 2017
Kl.20.00
4. mars 2017
Kl.20.00
5. mars 2017
Kl.20.00
Nynorskens hus

Følg oss på sosiale media