Om oss

NYNORSKENS HUS

Nynorskens hus skal vere ein kulturarena i hovudstaden der ulike uttrykk møtest: teater, dans, musikk, språk, debatt, litteratur, handverk, design og forsking. Det skal vere ein arena for born, unge og vaksne, amatørar og profesjonelle. Det skal vere eit rom for å undersøke og formidle nynorsk kulturarv, skape nye uttrykk, bygge kunnskap og samhald. Huset skal vere ein aktør i utviklinga av Noreg, ein talarstol, ei scene for ulike stemmer. Nynorskens hus skal gi fleire tilgang til nynorsk språk.

Nynorskens hus skal byggjast opp i perioden 2014-2018 gjennom ulike utviklingsarbeid, samtaler og produksjonar der folk frå ulike kulturelle og sosiale lag er med og definerar. Målet er å finne fram til ein varig modell for Nynorskens hus når det gjeld innhald, organisering, samarbeidsparter og finansiering. Hovudsatsingane vil vere:

PIONER 1 Eigne produksjonar

PIONER 2 Vertskap for produksjonar  på høgt profesjonelt nivå

PIONER 3 Samfunnsdebatt, kulturelt og kunstnarleg symposium

HISTORIKK

1913 – Huset i Rosenkrantzgate 8 blir bygd
I august 1913 opna Bondeungdomslaget i Oslo (BUL) dørene til nybygget i Rosenkrantz’ gate 8 og Teatersalen. Inn dørene gjekk innflyttarar, bønder, ungdom, kunstnarar, politikarar, akademikarar. Med debatt, dramatikk, folkedans, leik, idrett, song og framsyningar skapte dei  kunst, bygget institusjonar, bygget samhald og kulturuttrykk som spegla eit heilt folk.  Dette blei møtepunkt mellom elitisme og folkelegheit.

Kulturell møteplass
Huset med sitt diktarhotell, systove, kaffistove og Teatersal, er ein kulturell møteplass for alle.

I 2008 blir ei ny dør opna. 150 barn og ungdom, kunstnarar, BUL, Noregs Ungdomslag og Det Norske Teatret stiftar Den mangfaldige scenen – eit teater der dei unge kan uttrykke seg, lære og skape teater.

Nye fellesskap veks fram. Huset og verksemda blir rusta opp med dugnad og tilskot frå private og offentleg pengesekker.

2013- Ideen om Nynorskens hus blir fødd

I 2013 ynskjer Jon Fosse og Kai Johnsen at urpremieren på Hav, Fosse sitt siste dramatisk verk,  kan spelast i dette huset, med BUL som hovudprodusent. Saman med BUL og fleire organisasjonar blir ideen om eit nynorskens hus i hovudstaden fødd. I 2014 vedtar årsmøte til BUL at denne staden i Rosenkrantz’ gate, mellom aust og vest, regjeringskvartalet og Stortinget, skal ha ein ambisjon det står respekt av.

26. september 2014 kl. 17.15 opnar dei nye dørene til Nynorskens hus med musikk, dans og ord, og med Hav i Teatersalen. I 12 veker er det Haustfestival med skisser til kva huset kan romme. Dette var startskotet for oppbygginga av verksemda.

Følg oss på sosiale media