Fortellevill – Opp frå havet

Har du nokon gong gått langs ei bryggje på ein solrik sommardag? Har du sett kor fint det kan vere når havet glitrar, og bølgjene rullar inn mot land? Og mens du går der og kjenner den varme vinden i ansiktet, så dukkar det kanskje opp noko skinnande ute i bølgjene, noko fargerikt! Og høyr, det syng! Og kanskje det snakkar?
Her får du høyre kva som kan skje når vi fiskar opp både det eine og det andre frå havet, noko stort, noko lite, noko som viser seg å vere noko heilt anna enn det du trudde.

Fortellevill består av felespelarane Jon Hjellum Brodal og Tuva Færden og forteljar Anette Sandvær. Saman leiker dei seg med ord og tonar, og fortel både tøysete, tullete, spennande og akkurat passeleg alvorlege historier.

Anette Sandvær – forteljar
Jon Brodal – hardingfele
Tuva Færden – hardingfele
Dominic Kelly – regissør

Framsyninga er hovudsakleg for inviterte skuleklassar, men er også open for andre. Målgruppa er born frå 5 år og oppover. Det kostar kr. 50 som du kan betala med VIPPS eller kontant i døra.