Den fri kjærlighets by av Edvard Munch

Stykket «Den fri kjærlighets by» (1904) er ein satire over Kristiania-bohemen, skrive av Edvard Munch i ein turbulent periode av livet hans, der idealet om fri kjærleik blir sett på dagsorden. Oppsetjinga har eit ekspresjonistisk og fargerikt visuelt språk, som understrekar den absurde og fragmentariske handlinga i Munch sin tekst.

Hovudpersonen i teksten, Songaren, er ein fattig kunstnar som oppsøkjer Den fri kjærlighets by på leit etter uforpliktande kjærleik og lukke. Her treff han nokre kvinner med pengar, makt og fridom, mellom andre Dollarprinsessa og Sportselskarinna som forbarmar seg over den fattige kunstnaren. Desse kvinnene er kanskje for frie – dei vil eige han. Songaren blir sjuk og klarer ikkje å elske (med) Dollarprinsessa, i tillegg vil han ikkje gifte seg med henne. Dette fører til at han blir forfølgt, ikkje berre av kvinnene, men av heile byen, politi og rettsvesen. Songaren blir fengsla og blir tiltalt for å ha forbrote seg mot kvinna og for diverse «gadeuorden». Ein disputt mellom dommarane og borgarane i byen ender med ein klar dom over den tiltalte.

Det er ei intim framsyning med levande musikk og nær kontakt mellom publikum, utøvarar og figurar.

Regi/scenografi/dokkedesign/kostyme: Tormod Lindgren
Tekst: Edvard Munch / Aina Villanger
Musikk: Rolf Gupta
Utøvarar: Gisle Hass, Christina Ørbekk Nicolaisen, Cecilie Solberg Knudsrød, Tessa Lepistö og Rolf Gupta
Regiassistent: Svein Hofset. Dokkene/figurane er laga av Tormod Lindgren assistert av Marthe Brandt

Facebook-hending

Kjøp billett via TicketCo eller betal med VIPPS i døra.