Oslo Early: Barokkanerne og Ingeborg Christophersen: RECORDARE VENEZIA

EI FLYTANDE VERD

Barokkanerne og blokkfløytevirtuosen Ingeborg Christophersen tek oss med til Venezia, perla i Adriaterhavet, som i over tusen år var ein av verdas rikaste maktbastionar.

Med utgangspunkt i blokkfløyta, dveler konserten ved musikk frå sjørepublikken dei siste 200 åra med komponistar som Bassano, Castello, Galuppi, Legrenzi, Marini, Uccellini og spesielt Vivaldi. Sistnemnte sine halsbrekkande konsertar for flautino er noko av det ypparlegaste som nokosinne er skrive for blokkfløyte og representerer på ein strålande måte venetiansk prestezza, der skapingsprosessen var prega av eit uhorveleg arbeidstempo kombinert med suveren, uanstrengt formbevisstheit.

 

Program

Antonio Vivaldi (1675–1741) «Concert per Flautino» i C-dur (RV444) Allegro non molto, Largo, Allegro molto
Giovanni Legrenzi (1626–1690) Sonata seconda a 4, frå La Cetra, opus 10 (Venezia, 1673)
Giovanni Bassano (1560/61–1617) Pulchra es amica mea (diminusjonar over Palestrinas motett) (Venezia, 1591)
Dario Castello (1621–1658) Sonate 10 frå bok to for to fiolinar og continuo (Venezia, 1629)
Biagio Marini (1594–1663) Passacaglia i g-moll frå opus 22 (Venezia, 1655)
Marco Uccellini (omlag 1603–1680) Aria Quinta sopra la Bergamasca (Venezia 1642)
Baldassare Galuppi (1706–1785) Concerto a quattro nr. 1 Grave e adagio, Spiritoso, Allegro
Antonio Vivaldi (1675–1741) Concerto del Gardellino (RV 90) Allegro, Largo, Allegro

Fiolin: Huw Daniel og Jesenka Balic Zunic
Bratsj: Mari Giske
Cello: Gunnar Hauge
Lutt: Jadran Duncumb
Cembalo: Christian Kjos

 

For meir informasjon:

Facebook-hending

OsloEarly
Barokkanerne

Dato
29. oktober 2017
Kl.17.00
Stad
Nynorskens hus
Rosenkrantz' gt 8
Ingeborg Christophersen er ein av Noregs mest lovande unge musikarar. I 2003 fekk ho Norsk Tonekunstnersamfunds ærespris «Årets Musiker» og har vunne Ungdommens Musikkmesterskap fleire gonger. Les meir

Følg oss på sosiale media