KRANTZ- konsertserie// KVARTETT TIL TIDAS ENDE //

Kjære musikkvenner!

Hjarteleg velkommen til sesongavslutning hjå KRANTZ.

I kveld får du oppleve Berios Sequenza IV for solo klaver og Messiaens mektige Kvartett til tidas ende.

 

For 75 år sidan, ein kald januarkveld i 1941 i ein krigsfangeleir i Görlitz, var fleire hundre fangar og tyske offiserar samla til konsert i brakke 27. Dei tilhøyrte alle samfunnsklassar; frå bønder og arbeidarar til legar og prestar. Skadde var blitt frakta frå sjukestova og låg på bårer lengst framme. Nokon høyrte kammermusikk for første gong og ingen hadde nokon gong høyrt noko liknande det som vart spela den kvelden. Det var nemleg urframføringa av ”Kvartett til tidas ende” av Olivier Messiaen.

 

Messiaen vart tatt til fange etter Tysklands okkupasjon av Frankrike i 1940 og komponerte det meste av kvartetten i fangenskap til seg sjølv og tre medfangar. Ved hjelp av ein tysk offiser fekk Messiaen notepapir, blyant og viskelær, og det vart sørga for at han fekk vere i fred og komponere.

 

Den djupt religiøse Messiaen var inspirert av følgande tekst frå Johannes Openberring:

”Og eg såg ein annan mektig engel stige ned frå himmelen. Han var sveipt i ei sky, og hadde regnbogen om hovudet. Ansiktet var som sola og føtene som ildsøyler …. Engelen sette sin høgre fot på havet og den venstre på jorda .… Og engelen som eg hadde sett stå på havet og på jorda, løfta si høgre hand mot himmelen og sverga ved han som lever i all æve …. : ’Tida er ute. Men når den sjuande engelen lar sin basun lyde, i dei dagar skal Guds mysterium vere fullført.’ ”

 

Han skreiv dette enorme, kjensleladde verket i åtte satsar; dei første for skapingas sju dagar, og den åttande for æva som kjem etterpå. Tonespråket er eterisk og andeleg, og dei spesielle rytmane som er lausrivne frå vanleg konvensjonell takt, understrekar opphøyret av fortid og framtid, og tar oss med ut i det uendelege.

Sjølv om Messiaen avviste at det apokalyptiske stykkets tittel var knytt fangenskapen hans, kan ein vanskeleg unngå å høyre verket utan å ha hendingane under 2. verdskrig i bakhovudet. For dei som var til stades under urframføringa, var konserten eit avbrekk frå krigens brutalitet – tida stod stille i ein liten time.

Eit slikt musikalsk avbrekk kan vere sårt tiltrengt også i vår kvardag, og verket er like overveldande og aktuelt no som den kvelden for 75 år sidan.

 

Ein annan av 1900-talets viktigaste komponistar er den italienske komponisten Luciano Berio. Hans serie med solostykke for ulike instrument, kalla Sequenza, er alle virtuose verk som utforskar instrumentas moglegheiter på uvanlege måtar. Vi startar kvelden med Sequenza IV for solo klaver spela av Anna Christensson.

 

Anders Nilsson

Som ein av Noregs fremste unge fiolinistar, har Anders allereie etablert ein solid karriere som solist, konsertmeister og ensembleleiar. Han har vore solist med alle profesjonelle orkester i Noreg. I fjor gav han saman med Sveinung Bjelland og 2L ut ei kritikarrost plate med musikk av Debussy og Ravel.

Anna Christensson er ein av Sveriges fremste pianistar i sin generasjon. Hylla i svensk og internasjonal presse for sine mange soloutgjevingar, har ho etablert seg som ein av dei mest spennande og markante pianistane med eit enormt sjangerspenn og integritet i si utøvande verksemd.

Torun Sæter Stavseng er ein cellist med brei musikalsk tilnærming og er ein av initiativtakarane bak KRANTZ. Ho er grunnleggar og medlem av fleire kammerensemble; TrioTaus, Cikada, Tre Voci og Duo TÖ. Sidan 2016 er Torun  solocellist i eit av Englands mest dynamiske kammerorkester; Aurora Orchestra London.

Pierre Xhonneux har sidan studier i Belgia og Frankrike etablert seg som ein av Europas leiande unge klarinettistar og har mottatt ei rekke internasjonale prisar og utmerkingar for sitt spel. Pierre har ei brei musikalsk tilnærming og spelar i fleire kammerensemble; ClariNord, I Solisti del Vento og Oslo Kammerakademi. Sidan 2015 er Pierre tilsett som klarinettist i Oslo Filharmoniske Orkester.

 

Som vanleg er KRANTZ ei nær og unik konsertoppleving i Oslos beste kammermusikksal; Teatersalen i Nynorskens Hus.

Du er hjarteleg velkommen!

 

  Les om KRANTZ

Torun Stavseng og Mathias Halvorsen er kunstnariske leiarar for serien.

sjå omtale av KRANTZ i magasinet Klassisk side40 side41